Kva meiner Dei Grøne om kommunereform?

Miljøpartiet Dei Grøne sine kandidatar i Samnanger har ulike syn på spørsmålet om kommunereform. Nokre av ser klåre føremoner med kommunesamanslåing. Andre er skeptiske. Og det er for tidleg å konkludera.

Me er samde om det viktige:

  • Utgreiingsarbeidet kommunestyret har sett i gang bør halda fram. Det er viktig å få fakta på bordet i høve kva ulike alternativ faktisk vil tyda for Samnanger frametter, i høve kommuneøkonomi, i høve kvalitet og tilgjenge på kommunale tenester, i høve kompetanse og i høve lokaldemokrati.
  • Dette utgreiingsarbeidet, og eventuelle forhandlingar, bør munna ut i klåre og godt opplyste alternativ, som folk flest i Samnanger bør få ta stilling til gjennom ei folkerøysting.