Stem Samnanger inn på fylkestinget!

Fotocredit: Marijke Strømmen

Øyvind Strømmen (MDG) er nummer tre på den grøne fylkestingslista, og med det den einaste samningen som har reell sjanse på fylkestingsplass. – Eg vonar på samningane si støtte, seier han.

3. september 2015

Øyvind Strømmen har vore andre vara på fylkestinget i denne perioda, og meiner at det er viktig at ulike delar av fylket er representert. – I fleire saker ser ein at lokalkjennskap speler ei rolle. Det gjeld blant anna innanfor samferdselspolitikk, som idag er fylkestinget sitt viktigaste saksfelt.

Her er Miljøpartiet Dei Grøne sine prioriteringar klåre. – Det er viktig å løfta blikket, og å sjå samferdselsutvikling i samanhang. Det gjeld også veg. Her vil MDG prioritera vegprosjekt som gjev betre tryggleik, som leier trafikk utanom der folk bur tettast og prosjekt som let seg kombinera med gode kollektivløysingar. Me vil prioritera vekk kostbare prestisjeprosjekt som berre vil pumpa meir trafikk inn i Bergen sentrum. Difor står ny E16 til Voss, i kombinasjon med ny jernbane, høgt på vår ynskjeliste, oppgradering av vegen austover til Granvin står der også, medan me ikkje ynskjer oss det spinnville prosjektet med bru over Bjørnefjorden og ein gigantveg gjennom Os.

Samstundes brenn Dei Grøne sjølvsagt for kollektivtransport. – For oss som bur på bygda er dette også viktig. Me vil kjempa for betre busstilbod, og me vil kjempa for at det vert ei felles takstsone for buss og tog, slik at me samningar – når me skal til byd’n – kan ta bussen til Arna og skifta over på tog, på nytt dobbeltspor gjennom Ulriken, og det utan å måtta betala dyrt for å sleppa å ta turen om Åsane.

– Om eg kjem inn på fylkestinget, skal eg ha to flagg med i ryggsekken, seier Strømmen. – Det eine er eit grønt flagg, det trengst grøne røyster i politikken, og me treng eit parti som jobbar for å omstilla Noreg til eit verkeleg berekraftig samfunn. Det andre er eit samningaflagg, eg vil vera ei samnangerrøyst på fylkestinget.