Program

Alle bur i ein kommune, og i det er i kommunen kvardagen skjer.

Miljøpartiet Dei Grøne vil ha ei samfunnsutvikling som speler på lag med naturen. Samnanger skal vera ei god bygd å bu og å leva i, i dag, og for framtidige generasjonar. Eit ekte grønt skifte kan ikkje verta ein realitet før alle kan ta del, og rettferdig omstilling står sentralt i Samnanger MDG sin politikk.

Samnanger er ikkje stor i folketal, men her er storslått natur. Nærleiken til fjord og fjell fremmer folkehelsa. Me er også ein kommune med sterk kultur for frivillig arbeid, og frivilligheita er ei bærebjelke for samfunnet. Samstundes treng me levande grender, og å utvikla Bjørkheim som sentrum i kommunen. For å leggja grunnlag for vidare utvikling av kommunen er det viktig å satsa på grøn næringsutvikling.

Samstundes vert me i stor grad påverka av det som skjer rundt oss. Klimaendringane er globale, flyktningkriser vert forårsaka av krig og storpolitikk, og prisvekst på varer og straum er utanfor kommunen sin kontroll. Me kan ikkje styra desse utfordringane, men me møta dei, på ein måte som ivaretek menneske og miljø.

FN har vedteke 17 berekraftsmål å nå innan 2030, for å utrydda fattigdom, redusera ulikskap og stogga klimaendringane. Dei fleste av desse måla er avhengige av lokal innsats. Då har også vesle Samnanger ei rolle å spela, og det me kan bidra med kan ha ringverknader langt utanfor kommunen. Samnanger kan ta ei leiarrolle når det gjeld natur og miljø, og me kan vera med på å visa korleis me kan leva gode, grøne liv i distrikta. Kommunen kan leggja til rette for ei slik utvikling, som støttespelar, som tilskotsytar, gjennom forvaltninga og gjennom tenestene kommunen tilbyr.

Samnanger MDG er opptekne av at innbyggjarane skal få dei tenestene og den hjelpa dei har trong for. Kommunale tilbod som barnehage, skule og eldreomsorg skal vera av høg kvalitet og tilpassa lokale forhold. Idrett, kulturliv og naturopplevingar skal vera tilgjengelege for dei som ynskjer, og økonomi og funksjonsevne skal i minst mogleg grad hindre deltaking. Dette har også konsekvensar for korleis me kan og bør prioritere.

Kommunen er også sjølv arbeidsgjevar. MDG meiner at dei folkevalde i kommunen må prioritera planlegging og strategisk styring sterkare, og tydeleggjera den gjensidige avhengigheita mellom politikarar og administrasjon. Politikarane skal staka ut kursen og gje retning. Administrasjonen utgreier, kjem med forslag og følgjer opp politiske vedtak. For å styrka dette samspelet er det viktig med gode kommunale planar. Mykje av Samnanger kommune sitt planarbeid er idag på etterskot, etter ei periode prega av tunge saker og utskiftingar på leiarnivå. Å styrka planarbeidet vert difor ei sentral politisk oppgåve i åra som kjem.

Oppvekst

Barnehage og skule er kjerneoppgåver for kommunen. For Miljøpartiet Dei Grøne er det viktig at dei har nok ressursar til å levera gode tilbod. Kommunale sparetiltak kan ikkje gå utover dette.

Barn skal ikkje veksa opp i utanforskap og fattigdom, og dei har rett på eit oppvekstmiljø fritt for trakassering og mobbing. Skulen skal hjelpa barna med å utvikla kritisk tenkning, medmenneskelegheit og emne til å handtera konflikter.

På lengre sikt meiner me at det vil vera riktig å satsa på ein 1-10-skule, noko som vil gje eit større skulemiljø for både elevar og lærarar.

Samnanger MDG vIl:

  • ha særleg fokus på trygge skulevegar i arbeidet med trafikktryggleik; målet må vera at alle barn som ikkje har rett på gratis skuleskyss, har moglegheit til å ta seg til skulen på ein god og trygg måte til fots eller på sykkel
  • stø etablering av skulehagar ved skulane, dersom lærarar, foreldre og elevar ynskjer dette
  • halda på ordninga med gratis skulelunsj minst ein gong i veka, ikkje minst som ein sosial arena

Oppvekst handlar om meir enn barnehage og skule. At barn og unge får gode opplevingar og gode minner, er med å leggja grunnlaget for at dei som vaksne vel å slå seg ned i kommunen. Ofte er det ungdomen sjølv som veit best kor skoen trykker. Difor har MDG vore opptekne av å gje ungdomsrådet talerett i kommunestyret, og ynskjer me at dei må sikrast eit budsjett dei sjølv kan disponera fritt.

Mange gode minner vert skapt gjennom deltaking i idrett, kulturskule, kulturlivet elles og friviljuge organisasjonar. MDG har arbeida for ei kommunal fritiidskortsordning, som vil gjera at fleire vil kunne delta i fritidsaktivitetar uavhengig av foreldra sin økonomi, og som samstundes vil kunne styrka rekrutteringa. Me meiner ei slik ordning bør vera tilgjengeleg for alle, men også at barn og unge som treng det, bør få større kommunal støtte.

Fleirbrukshall

Gode fritidstilbod handler også om gode stader å vera. Samnanger MDG er difor positive til etablering av ein fleirbrukshall i kommunen. Ein slik fleirbrukshall bør plasserast slik at flest mogleg har gang- og / eller sykkelavstand til han, og slik at han har størst mogleg nytte, også for samfunnsutviklinga. Difor meiner MDG at det er riktig å etablera han i sentrum.

Men fleirbrukshall er også eit spørsmål om økonomi. Kostnadene ved å byggja og driva hallen må verta liggjande på eit nivå kommunen har økonomiske skuldre til å bera. Dersom det syner seg at investeringa inneber for mykje risiko, eller går utover viktige lovpålagte tenestetilbod, må me ta eit steg tilbake.

Barnevern

Samnanger skal ha eit godt barnevern. Det inneber mellom anna at me må vera viljuge til å satsa på det førebyggande arbeidet, og at me må syta for at ikkje berre barnevernet, men også andre kommunale tenester for familiar og barn som treng det har tilstrekkeleg økonomi og ressursar. Det kan vera naturleg å søkja samarbeid med andre kommunar for å sikra store nok fagmiljø og stabilitet i tenesta.

Helse og omsorg

Helse og omsorg er ei anna kommunal kjerneoppgåve. For å levera gode tenester, må det vera god grunnbemanning og tilstrekkeleg ressursar. Samnanger MDG vil:

  • satsa på folkehelse og forebyggande helsearbeid
  • stø tiltak som legg til rette for meir spontan og uorganisert fysisk aktivitet, til dømes i form av turstier, tilgang på parkering nær desse, utandørs treningsapparat, osv
  • arbeida for eit godt og stabilt legetilbod
  • søkja eit legevaktsamarbeid som gjev oss legevakt i retning Bergen
  • satsa på samarbeid på tvers av fagområde og sektorar
  • arbeida for auka bruk av velferdsteknologi
  • leggja til rette for at eldre kan bu heime så lenge dei ynskjer og har moglegheit til det

Den ruspolitiske handlingsplanen til Samnanger kommune er svært utdatert. Det er viktig at det vert utarbeidd ein ny plan, som kan leggja til rette for godt førebyggjande arbeid og for at menneske med rusproblem får best mogleg hjelp og støtte.

Samferdsle

Samnanger MDG har i ei årrekkje arbeidd for å prioritera vegvedlikehald høgare. Det er viktig å sørga for at det kommunale vegnettet er tenlegt og trygt. Den lenge etterlengta oppgraderinga av Hagabakkane synleggjer nytta av å satsa på oppgradering av vegane me har. Blant vegane det er viktig å utbetra framover er Bygdavegen.

I ein bygdekommune som Samnanger er mange avhengige av bilen i kvardagen. Miljøpartiet Dei Grøne i Samnanger vil, til liks med MDG i fylkespolitikken, prioritera vegprosjekt som gjev auka trafikktryggleik og som leier trafikk utanom sentrums- og bustadsområde.

I diskusjonar om riks- og fylkesvegar, bør kommunen ta ei aktiv rolle for å fremma desse måla. Det er mellom anna viktig å sikra ny og rassikker veg forbi Tokagjelet til Norheimsund. Det er også viktig å sikra omsyn til trafikktryggleik og omsyn til lokalsamfunnet ved bygging av nye, større vegar gjennom kommunen vår, til dømes ein arm til Bergen på E134. Ved bygginga av ny E16 til Voss vil mykje trafikk kunna gå via Samnanger. Det er difor viktig at kommunen speler ei aktiv og positiv rolle, og sikrar at avhjelpande tiltak vert gjennomført.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • prioritera vegvedlikehald av dei kommunale vegane høgare
  • setja i gang arbeidet med utbetring av Bygdavegen
  • gripa moglegheiter til å utvida nettverket av gang-/sykkelvegar i kommunar
  • stø etablering av fleire ladepunkt for elbilar, t.d. ved kommunale bygg
  • spela ei aktiv rolle i Skyss’ sine innspelsprosessar rundt årlege rutejusteringar
  • stø forsøksordningar med bestillingstransport med buss / minibuss e.l.

Mange pendlar frå Samnanger til Bergen. Då er det viktig med gode kollektivløysingar og god tilgang på innfartsparkering. Kommunen må spela ei aktiv rolle opp mot Skyss og Vy når dobbeltspor Arna – Bergen opnar, då dette gjev moglegheiter for eit tilbod med betre frekvens, særleg morgon og ettermiddag.

Sjølv i ein distriktskommune som Samnanger kan ein gjennom god planlegging gjera det mogleg for mange å verta mindre avhengige av bil i kvardagen, t.d. gjennom å leggja ulike tenestetilbod i nærleiken av kvarandre. Difor ynskjer Samnanger MDG å satsa vidare på Bjørkheim som sentrum, med nærliggande bustadområde og eit godt tenestetilbod. På lengre sikt bør det vera aktuelt å etablere eit nytt rådhus på eller nær Bjørkheim. På kortare sikt ynskjer me å etablera eit kommunalt tenestetorg der. Det kan til dømes skje i samband med etablering av ein fleirbrukshall eller liknande.

Trygg økonomi og styring

For at kommunen skal kunna levera gode tenester, må han ha tilstrekkeleg god økonomi. Då er det ikkje berre viktig å leggja til rette for nye etableringar i Samnanger, men også å syta for god økonomisk styring og for tilstrekkelege inntekter.

Kommunen må evne å sjå heilskapen i komplekse saker på tvers av tenesteområda. Ved å få opp ulike interesser og handlingsrom i utarbeiding av politikk og tiltak vil ein sikre best mogleg resultat for innbyggarane.

Me har bruk for kommunen gjennom heile livet. Difor vil Samnanger MDG ikkje prioritera kutt i eigedomsskatten dersom dette går utover kommunen si moglegheit til å levera gode tenester til alle innbyggjarar, og særleg ikkje dersom det går utover tilbodet til dei som av ulike årsaker treng det mest.

Dei siste åra er det gjort mykje arbeid for å styrka kommuneøkonomien. Det har gjeve kommunen større politisk spelerom, men det har også skapt utfordringar. Samnanger MDG meiner at det er heilt grunnleggjande at vidare arbeid for å styrka kommuneøkonomien må vera basert på openheit, gjennomsiktigheit og brei involvering.

Samnanger MDG vil:

  • stø arbeid for å trygga kommuneøkonomien, slik at kommunen også i framtida vil ha høve til å levera gode tenester
  • ha openheit, gjennomsiktigheit og brei involvering som grunnleggjande prinsipp i slikt arbeid
  • arbeida for likeløn, mangfald og auka tal på heiltidsstillingar i kommunal sektor
  • byggja ny brannstasjon, på strekninga Haga – Lauskar

Eit ope og mangfaldig samfunn 

EIn fordel med å vera ein liten kommune er at det er korte avstander mellom innbyggarar og politikarar. Det er kort avstand frå engasjement til påverknad.  Samnanger MDG ynskjer å legge til rette for ein open dialog med innbyggarane for å sikra utvikling gjennom samskaping.

Eit ope samfunn med rom for mangfald er eit betre samfunn for oss alle. MDG Samnanger har difor mellom anna vore opptekne av at me skal bidra til å hjelpa menneske i naud og på flukt, og har støtta markering av Pride i kommunen.

Som del av ein større  internasjonal grøn partifamilie, med røter i miljørørsla, fredsrørsla og kvinnerørsla, ynskjer vi å utvida og inkludera fleire i demokratiet. Slik kan me skapa ein politikk for lkestilling og i solidaritet med utsatte grupper, framtidige generasjonar og naturen.

Samnanger MDG vil:

  • arbeida for gode innspelsprosessar, der både tilsette og innbyggjarar i kommunen vert høyrde
  • vektleggja innspel frå eldrerådet, rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsrådet
  • at kommunen skal stilla opp for menneskerettar i verda gjennom å stille krav til fair trade i innkjøpsrutinar.
  • stø initiativ som legg til rette for møteplassar på tvers av alder og bakgrunn
  • at kommunen skal føra ein aktiv politikk for å stø skeive og andre grupper som opplever marginalisering, inklusive gjennom markering av Pride
  • styrka frivilligsentralen

Næringsliv og arbeidsplassar

Samnanger er ein pendlarkommune, noko som også fører til auka transportbehov. Me trur mange av dagens pendlarar ynskjer arbeid nærare heimen.

Dei Grøne ynskjer difor å profilera Samnanger som ein god kommune for gründerar og sjølvstendig næringsdrivande, og ynskjer å arbeida for eit gründerfellesskap som også kan tilby «felles heimekontor» for folk som arbeider utanbygds. Etter pandemien vil bruken av heimekontor og moglegheita til å bu ein annan stad enn arbeidsplassen truleg auka, og det er viktig at kommunen er på ballen i høve dette.

Samnanger MDG vil:

  • arbeida for gode areal til næringsformål, også til kompetanseverksemder
  • framleis satsa på sentrumsutvikling på Bjørkheim, for å gjera Bjørkheim til ein attraktiv stad med gode urbane kvalitetar
  • arbeida for etablering av eit moderne kontorfellesskap som det er låg terskel for å dela, leiga og låna
  • sjå på moglegheitene for å oppretta ein såkalla skaparverkstad/makerspace i kommunen
  • leggja til rette for dei som satsar innan landbruk i Samnanger, og ta vare på matjorda
  • styrka kommunen sitt næringsfond, slik at det vert lettare å få tilskot til gründerverksemd og nye prosjekt

Samnanger er ein vakker kommune, og har føresetnader for å satsa på berekraftig turisme med høg avkasting og liten miljøpåverknad. Me meiner kommunen skal leggja rammene, men overlata til lokale krefter å skapa eit levebrød av desse moglegheitene.

Dersom me tek vare på det me har av jordbruksareal sikrar me nye og gamle arbeidsplassar i jordbruket. Noreg har ei lågare grad av sjølvberging enn våre naboland. Her på Vestlandet er små gardsbruk viktige både for sjølvberginga og for å halda landskapet ved like. Å ta vare på og legge til rette for utvikling i landbruket opnar også for fleire arbeidsplassar innan foredling og vidaresal av lokalmat, og innan økoturisme.

Energi og klima

Miljøpartiet Dei Grøne har gjennom ei årrekkje arbeida for klimabudsjettering i kommunen. Dette er no endeleg på plass, og bruk av klimabudsjett og -rekneskap blir viktig for å finna fram til klimatiltak som gjev god effekt i høve kva dei koster. Blant tiltaka me har føreslege er ei kommunal satsing på energieffektivisering og energiøkonomisering. Me har også teke til orde for ei støtteordning som kan gje fleire moglegheita til å gjennomføra slike tiltak heime.

Vårt mål er at Samnanger kommune skal innta ei leiarrolle i den grøne omstillinga, og visa korleis denne kan gjennomførast på ein god måte i ein liten kommune. Då er det viktig å setja seg tydelege mål og å satsa der det gjev mest att.

Dei menneskeskapte klimaendringane let seg bremsa, men ikkje stogga. På Vestlandet vil dei mellom anna innebera meir nedbør og meir uvêr, og det igjen vil mellom anna føra til større fare for ras og skred, også på stader der dette ikkje har vore vanleg tidlegare. Difor er det viktig at kommunalt klimaarbeid også handlar om å redusera sårbarheita for klimaendringar som kjem.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • at Samnanger kommune skal setja seg gode, klåre og ambisiøse klimamål
  • leggja til rette for involvering av innbyggjarane i utarbeiding av tiltak
  • at kommunale nybygg skal vera klimasmarte
  • stø bruk av fossilfrie byggjeplassar i kommunal regi der dette er aktuelt
  • at kommunen skal nytta eigne innkjøp til å fremma klimavenlege løysingar og produkt
  • sikra at klima vert ein sentral del av kommunen sin samfunnsplan
  • etablera venskapskommunar eller inngå i europeiske prosjekt med kommunar i andre land for gjensidig læring og utvikling

Natur- og miljøvern

Grøn politikk handlar om meir enn klima. Samtidig med klimakrisa står me midt i ei naturmangfaldskrise. Kloden taper artar i eit tempo som er urovekkjande høgt. Ein viktig årsak til dette er nedbygging av natur. Også her er det viktig at kommunen har eit godt og oppdatert planleverk som sikrar berekraftig samfunnsutvikling i eit generasjonsperspektiv, og som planlegg for korleis arealpolitikken skal motverka tap av natur og bidra til lågare utslepp.

Samnanger MDG har mellom anna arbeid for tiltak mot plastureining, og for å setja lysureining på sakskartet. Dette arbeidet vil me halda fram.

Godt naturvern handlar ikkje berre om å ta vare på den naturen me har, men også om å bøta på tidlegare skader på naturen, og om å leggja til rette for naturen også der me bur. MDG i Samnanger vil difor stø tiltak som er til fordel for det ville livet, inklusive gjenopning av lukka bekkeløp, bruk av humlevenlege plantar på offentlege eigedomar og tiltak for å styrka villaksbestanden i Tysse-elva.

Samnanger MDG vil:

  • setja mål om arealnøytralitet gjennom å restaurera ødelagt natur og gjennom gjenbruk av areal som alt er brukt
  • motsetja seg inngrep i natur som idag er inngrepsfri
  • i størst mogleg grad unngå bruk av plantegifter i skjøtselen av offentleg eigedom og langs offentlege vegar
  • leggja til rette for pollinerande insekt gjennom utplanting og gjennom å unngå unødig kantslått
  • stø arbeid mot plastureining, til dømes gjennom finansering av plastinnsamling i regi av friviljuge lag og organisasjonar
  • føra ein restriktiv politikk når det gjeld etablering av nye hyttefelt
  • arbeida for miljøsertifisering og kjeldesortering i kommunale einingar
  • sikra kunnskapsbasert forvaltning av ville dyr, fuglar og insekt i Samnanger, og verna om viktige leveområde for truga artar

Kultur, idrett og friluftsliv

Kultur, idrett og friluftsliv er noko av det som fyller livet med meining. Eit eige kulturfond kan bidra til å stø nye initiativ og idear på området. Å byggja ein fleirbrukshall på ein eigna stad og innanfor rammer som sikrar at kommunen har råd til å finansiera og driva han er også eit godt tiltak.

Samnanger treng nytt planverk på kulturområdet, både ein kulturplan og ein kulturminneplan, begge planar som burde ha vore rullert tidlegare. Samnanger MDG vil:

  • styrka kulturfondet, som kan bidra til finansiering av gode idéar innan kultur, idrett og friluftsliv i åra som kjem
  • at ein ny kulturplan skal vedtakast i denne kommunestyreperioden
  • at kulturminneplanen vert rullert
  • arbeida for å sikra gjenstandar og bygg med historisk verdi, samt vår immaterielle kulturarv (musikktradisjon, lokale segn, dialekta, osv.)
  • stø opp om det friiljuge kulturlivet, lokal idrett og lokalt organisert friluftsliv, mellom anna gjennom ei eiga fritidskortsordning, som kan gjera det mogleg for fleire unge å delta
  • leggja til rette for kunst- og kulturbasert næringsliv
  • arbeida for gode parkeringsløysingar for bil og sykkel ved fleire turstier
  • sjå på moglegheita for ei residensordning der kommunen kan husa gjestekunstnarar innan ulike sjangrar i kortare periodar.

I Samnanger nyttar mange seg av naturen til rekreasjon. Dei Grøne vil ha meir av dette, og vil leggja til rette for etablering av fleire turstiar. Me vil også verna om allemannsretten.

MDG spela ei sentral rolle i å sikra flyttinga av biblioteket til Bjørkheim. Dette har vore ein stor suksess, og har gjeve Samnanger ein ny samlingsstad, med mange spanande arrangement. Det er for oss viktig å halda fram satsinga på biblioteket.