Fotocredit: Arne Beck / Hordaland MDG

Møt toppkandidaten

 – Også på bygda trengst grøn politikk, seier Øyvind Strømmen. Han er toppkandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Samnanger og 3. kandidat på Dei Grøne si fylkestingsliste.

3. september 2015

Dermed er han den einaste samningen som har ein sjanse på fast plass på fylkestinget. – Det er klårt eg vonar på mange grøne stemmer i Samnanger, seier han, – i fylkespolitisk samanhang er det ikkje berre viktig å få inn fleire politikarar med eit grunnleggjande miljøperspektiv, det er også viktig at ein får inn representantar frå ulike delar av fylket. Samnanger treng ei stemme der.

Dei siste fire åra har både Strømmen og partiet sin andrekandidat i Samnanger, Anja Marken, representert Bygdalista i kommunestyret. – Det har vore fire lærerike år, seier Strømmen, – og eg er glad for å ha kunna bidra på fleire måtar. Han trekkjer fram satsing på utvikling på Bjørkheim, men også at ein har lukkast å gjera Samnanger til ein fairtrade kommune, og satsing på ungdom.

– At me har fått på plass ein musikkbinge ved barneskulen, og at det er gjort vedtak om eit nytt bibliotek på Bjørkheim er blant det eg er mest nøgd med i den kommunestyreperioden som no går mot slutten, seier han.

Samstundes meiner han kommunen står overfor utfordringar, ikkje minst på grunn av ein pressa økonomisk situasjon. – Ein ting er at me står midt oppe i ein prosess der kommunegrensene kan bli endra. Det er ein vanskeleg debatt, som dreier seg om mange spørsmål, og det er viktig at me får mest mogleg fakta på bordet, og då ikkje berre på politikarane sitt bord! Korleis kan me sikra best mogleg kommunale tenester i Samnanger også frametter?

Å auka den folkelege deltakinga i politikken er viktig for Miljøpartiet Dei Grøne, og Strømmen er glad for at det også har vore eit tema når partiet – saman med Arbeidarpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti – har diskutert framtidig samarbeid. – Me treng meir deltaking frå folk som bur i bygda. Men me treng også gode idear til korleis me skal få det til, seier han, og rosar sine politiske motstandarar i Senterpartiet for å ha teke initiativ til at kommunestyremøtene no skal streamast. – Det er sanneleg på tide!

Strømmen har vore medlem i Miljøpartiet Dei Grøne heilt sidan 2007, og har vore med på partiet sin eventyrlege vekst. – Det var eit bittelite og ganske rart parti eg melde meg inn, fortel han. – No har me vorte eit stortingsparti. Det er er kjekt å sjå korleis det faktisk gjer seg konkrete utslag. Ikkje berre har miljøsaker kome høgare på agendaen, ein har også – blant anna – fått på plass ei klimalov.

Politikken treng eit parti som er ei vaktbikkje for milijøet, meiner Strømmen, og han framhever at dette også gjeldt lokalt. – For oss har det vore viktig å setja på bremsane for ny vasskraftutbygging her i kommunen, å verna om Aldalselva og å få på plass godt planverk for småkraftverk. Det er også viktig at det vert teke miljøomsyn i mange andre saker, frå etablering av nye bustadfelt, i høve oppdrettsnæringa og på andre område.

Likevel, meiner Strømmen, er det viktigaste ein kan gjera for miljøet kanskje å satsa på lokalt næringsliv. – Samnanger har i dag eit problem i at mest halvparten av oss pendlar ut av kommunen for å koma på jobb. Då er ein ofte avhengig av bil, om ein liker det eller ikkje. I tillegg til at me i Dei Grøne kjempar for eit betre kollektivtilbod fylket over, er det difor heilt naturleg å setja næringsutvikling på agendaen. Her bør kommunen verta flinkare.