Miljøpartiet Dei Grøne i Samnanger

Å arbeida for å få nye arbeidsplassar i kommunen står høgt på fyrsteplassen sin agenda. – I dag pendlar om lag halve arbeidsstyrken til Bergen. Det må vera eit mål at fleire av oss skal kunna jobba her heime, seier han.

Då trengst det både tiltak for å leggja til rette for nye næringsdrivande, og tiltak for å marknadsføra kommunen som ein god plass å etablera seg. – Samningane må løfta hovudet, heva stemma og våga å visa seg fram, seier Strømmen. Han har dei siste åra vore leiar for planutvalet i Samnanger kommune, som representant for Bygdalista, men stiller no – til liks med sin medrepresentant Anja Marken – for Miljøpartiet Dei Grøne. Han har klåre meiningar om korleis kommunen kan verta meir effektiv.

– Ta møtene i planutvalet. Her vert det i dag handsama ei lang rekkje saker som er opplagte, der administrasjonen gjev ei klår positiv tilråding og resultatet i utvalet er samrøystes.

Grunnen? Desse sakene er enkle småsaker, som burde ha vorte handtert administrativt.
– Kommunestyret må no endra på delegeringsreglementet, slik at politikarane får betre tid til å arbeida med vanskelegare saker og med overordna planar. Det er der veivala vert tekne, og det er synd at kravet om politisk handsaming fører til at me bruker unødig tid på saker som er enkle og opplagte. Det er også synd for folk flest, som må venta lenger på å få ei avgjersle.

Med meir tid til det overordna arbeidet opnar det seg nye moglegheiter, meiner Strømmen.

– Klårt det! Me politikarar vil få meir tid til å sjå på dei store linene, og dermed til å tenkja på Samnanger si utvikling på lang sikt. Her vil me i Miljøpartiet Dei Grøne kombinera det å leggja til rette for både bustadsutvikling og næringsutvikling med eit grunnleggjande fokus på miljø og bærekraft. Bjørkheim må utviklast vidare som sentrumsområde, og det må vera eit mål å få gode tenestetilbod, lokalt næringsliv og bustadområde plassert slikt at ein i større grad kan nytta seg av apostlane sine hestar, av sykkel og av kollektivtransport. Me må rett og slett planleggja for å gjera oss mindre avhengige av bil, også her ute på bygda.

Samstundes er det viktig å ta vare på grøne grender, og Strømmen ser også eit potensiale på Tysse. – No som tunnelen bak Tysse har kome, meiner eg at ein får nye moglegheiter. Tysse er nesten som ei lita sørlandsperle putta inn i ein vestlandsk fjord, og eg trur det kan leggjast til rette for både meir kulturverksemd og for fleire bustader der. Men då må me vera viljuge til å sjå på reguleringsplanen for Ytre Tysse på nytt. Målet om å utvikla staden som ein landsby er godt, men nokre av føresetnadane i planen kan stå i vegen for å få til nettopp det.

– Dessutan må me spela på ball med folk på Tysse, og med blant andre Safa. Då meiner eg at det er naudsynt å gje staden nytt liv, men som noko anna enn kommunesentrum. Sentrum i Samnanger har vorte Bjørkheim, og det er der me må tenkja sentrumsutvikling frametter.