Fotocredit: Arne Beck / Hordaland MDG

Møt toppkandidaten

 – Også på bygda trengst grøn politikk, seier Øyvind Strømmen. Han er toppkandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Samnanger og 5. kandidat på Dei Grøne si fylkestingsliste.

3. september 2015

Øyvind Strømmen har vore kommunestyrepolitikar i to periodar, fyrst for Bygdalista og sidan for Miljøpartiet Dei Grøne. – Eg meiner det er viktig med grøne røyster i lokalpolitikken, og at det speler ei rolle at me er der, seier han.

– Det at Dei Grøne er representert lokalt, gjer at me har høve til å reisa spørsmål som elles ikkje hadde vorte reist, og koma med framlegg som elles ikkje hadde vorte lagt fram, også framlegg som kan sanka støtte frå dei andre partia i kommunen. Me har til dømes sytt for at det er sett av ein eigen pott til plastopprydding i kommunen, og det er også på framlegg frå MDG at kommunen har sett av pengar til eit eige klimafond. Det treng me, når me no skal få på plass ein ny klimaplan, og ikkje minst: når me skal gjennomføra tiltaka som kjem i den planen.

Strømmen er ikkje nøgd med Samnanger sin miljøpolitikk. – Det er fleire i lokalpolitikken som snakkar seg varme om miljøpolitikk, men det har synt seg at det ikkje alltid er like lett å få alle med når ein kjem til budsjetthandsaming og til prioriteringar i kvardagspolitikken. Samningar som vel å røysta grønt, kan vera visse på at Miljøpartiet Dei Grøne prioriterer miljø, klima og naturvern, også i budsjetta, og også i handsaminga av enkeltsaker.

Pressa økonomi

Fyrstekandidaten for Dei Grøne i Samnanger legg ikkje skjul på at Samnanger stadig står framfor store utfordringar. – Det har vorte teke grep for å betra kommunen sin økonomi, noko som også har vore tvingande naudsynt, ikkje minst når me – i tråd med folkerøystinga – skal halda fram som eigen kommune. Men me har stadig økonomiske utfordringar. Samstundes ser me at økonomiske kutt også har konsekvensar. Her må me vera kloke frametter, gjera det me kan for å driva kommunen effektivt, men samstundes ikkje hamna i den fella det er å spara seg til fant.

Sjølv om kommuneøkonomien er under press meiner Strømmen til dømes at det har vore viktig å få på plass nytt bibliotek og at nye omsorgsbustader på Skottabakken snart er på plass. – I båe tilfella var det eigentleg lovleg seint. Biblioteket hadde lokale i ein kjellar på rådhuset som var vanskeleg tilgjengeleg. No ligg det i lyse og fine lokale, som er lett å koma til for alle, og ein ser at både besøkstala og utlånstala har auka veldig. Samnanger har fått ei ny storstove, vårt eige vesle litteraturhus, seier Strømmen, som fortel at det å ha fått nytt bibliotek på Bjørkheim er ei av dei sakene han er mest nøgd med i førre kommunestyreperiode. – Når det gjeld Skottabakken har det vore ei humpete ferd, men det var på tide at dette faktisk vart gjort. Brukarane har venta lenge. For lenge.

Dei store løfta er det lite rom for frametter. – Av det eg vonar me skal få til er å få etablert ein 1. – 10. skule. Det er ein del utfordringar på vegen dit, men i ein liten kommune som vår ser eg definitivt fleire fordelar enn ulemper med å samla skulen. Det vil gje eit større skulemiljø for elevane og eit større fagmiljø for lærarane. Å samla skulane ein stad vil leggja til rette for å utvikla skulen vidare, og gjera satsingar på til dømes skulebiblioteket eller på å få etablert skulehage enklare.

Ein idretts- eller fleirbrukshall finn Strømmen det vanskeleg å lova. – Fyrst må me finna pengane, seier han. – Men om me skal byggja ein slik hall, bør den iallfall byggjast sentralt i kommunen, og ikkje i Hagabotnane. Samstundes må me satsa på å gjera idrettsanlegget lettare tilgjengeleg for fleire: ein måte å gjera det på er å få på plass ein sykkelsti frå Steinsland til Hagabotnane. At det vil føra til mindre biltrafikk er ein bonus.

Kvifor Dei Grøne?
Strømmen har vore medlem i Miljøpartiet Dei Grøne heilt sidan 2007, og har vore med på partiet sin eventyrlege vekst. – Det var eit bittelite og ganske rart parti eg melde meg inn, fortel han. – No er me eit etablert parti, som sit på Stortinget og som sit i posisjon i både Oslo, Trondheim og fleire andre stader. Det er kjekt å sjå korleis det gjer konkrete utslag.

– Men mange er kritiske til byrådet i Oslo?

– Kritikk frå meiniingsmotstandarar er ein naturleg del av politikken. Men i Oslo ser ein at Dei Grøne har klart å levera, og meiningsmålingane tyder på at Dei Grøne i Oslo kjem til å veksa samanlikna med førre val, som var eit rekordval. Eg meiner det er fordi partiet faktisk leverer det dei sa dei skulle levera: betre byluft, fleire sykkelvegar, ei skikkeleg satsing på miljø. Alt av løysingar i Oslo let seg naturleg nok ikkje overføra til ein bygdekommune som Samnanger, men også her kan me gjera langt meir på miljøfeltet. Og Miljøpartiet Dei Grøne er eit parti som leverer.

– Kvifor har du vald Dei Grøne?

– For det fyrste: Fordi klimautfordringa er den største utfordringa me står over som verdssamfunn. Det må ha konsekvensar for politikken. Diverre er Noreg idag ei sinke på miljøområdet, med eit unnatak, nemleg elbilsatsinga. For det andre: Fordi Dei Grøne er eit sentrumsnært parti, som kan samarbeida både til høgre og til venstre. Det er det kanskje ikkje alle som har trudd på, fordi me samstundes etterlyse radikale grep, men det har me synt både nasjonalt, i fylkespolitikken og også her i Samnanger. Skal me klara av den omstillinga me må gjennom, må me ha med oss det beste frå både høgre- og venstresida: me må leggja til rette for næringslivet, me må ha eit pragmatisk tilhøve til offentlege og private løysingar og me må samstundes verna om kvalitetane i velferdsstaten. Eg er i Miljøpartiet Dei Grøne fordi me har ein politikk som vil vera bra for både menneske og miljø.