Kva vil Dei Grøne?

Miljøpartiet Dei Grøne vil ha ei samfunnsutvikling som speler på lag med naturen. Samnanger skal vera ei god bygd å bu og å leva i, både i dag og for framtidige generasjonar. Sentralt i dette står også rettferdigheit og omfordeling. Kva betyr det?

19. august 2023

Samnanger MDG sine tre toppkandidatar. I midten står 1. kandidat Øyvind Strømmen, til venstre 3. kandidat Camilla Stavnes Hisdal og til høgre 2. kandidat Oskar Røen. Strømmen og Røen representerer idag partiet i kommunestyret.
Samnanger MDG sine tre toppkandidatar. I midten står 1. kandidat Øyvind Strømmen, til venstre 3. kandidat Camilla Stavnes Hisdal og til høgre 2. kandidat Oskar Røen. Strømmen og Røen representerer idag partiet i kommunestyret.

Mykje av valkampen i Samnanger har i år handla om eit spørsmål, nemleg fleirbrukshall på Bjørkheim. I eit lesarinnlegg i Samningen har MDG sin lokale toppkandidat, Øyvind Strømmen, gjeve uttrykk for at det er mange andre spørsmål politikarane burde ha vorte utfordra på.

– Det er ikkje noko tvil om at ein fleirbrukshall ville vera eit løft for kommunen. Den vil kunne gje betre oppvekstmiljø og mange fleire gode minner. Men debatten rundt han har vore prega av vel mykje grøftegraving og synsing. Før det kan treffast noko vedtak må det fleire fakta på bordet. Korleis vil bygginga av ein fleirbrukshall faktisk påverka økonomien vår? Kor stort vert det løftet? Kva kan vi oppnå gjennom å skyva litt på den investeringa, slik at vi fyrst kan prioritera vedlikehald av kommunale vegar og bygningar, og dermed redusera framtidige driftskostnader? Kva alternative prioriteringar finst det, og kva andre grep kan me ta for å gjera Samnanger til ein betre kommune å veksa opp i?

– Samstundes er det slik at kommunen leverer viktige tenester og tilbod til oss alle, og det gjennom heile livet. Barnehage, skule, helse, omsorg, kultur. Dette er kjerneoppgåver for kommunen. Det er kvaliteten på desse me må målast på.

– Du inkluderer kultur der? 

– Ja, openbert. Kultur, idrett og friluftsliv er noko av det som fyller livet med meining, og frivilligheita er rett og slett ein berebjelke for samfunnet. Det er viktig at kommunen stør opp under dette. For MDG har det vore viktig heile vegen: difor kjempa me hardt for å få eit moderne bibliotek på Bjørkheim, difor har me vore blant initiativtakarane til eit kommunalt kulturfond, difor har me ynskja ei kommunal fritidskortsordning, ikkje berre som eit verktøy mot utanforskap, men også for å styrka rekrutteringa til frivillige lag,, difor foreslo me å løyva pengar til plastrydding, og å gje desse til frivillige organisasjonar.

– Eg vil faktisk seia det slik: Det å spela ball med frivilligheita er heilt sentralt for grøn politikk.

Auka grunnbemanning

– MDG har teke til orde for auka grunnbemanning i kommunale einingar? Blir ikkje det dyrt?
– Me har iallfall teke til orde for at det bør vurderast, ja. Det er klårt at det kostar, men det handlar også om kvalitet. Andre kommunar som har auka opp grunnbemanning i ulike einingar, har oppnådd gode resultat: mindre sjukefråvær, auka trivsel blant dei tilsette. For å seia det rett ut er eg uroa for at presset på dei tilsette i kommunen dei siste åra har vore for stort. Det er ikkje det at me ikkje treng omstilling, som kommune, men tilbakemeldingane eg høyrer tilseier at for mange opplever at desse omstillingane berre kjem i form av kutt, og at dialogen er for dårleg. Det må me gjera noko med. Me som er folkevalde må lytta, både til faglege vurderinga, til innspel frå tilsette og til tilbakemeldingar frå innbyggjarane om korleis tenestetilbodet vert opplevd. Eg trur det å satsa på openheit, gjennomsiktigheit og inkluderande prosessar vil gje langt betre grunnlag for endring.

– Og samstundes handlar politikk om å prioritera. For oss er det viktig å prioritera gode tenester til alle innbyggjarar. Det har konsekvensar for diskusjonen om fleirbrukshall, der det er viktig at ting vert gjort i rett rekkefølgje, slik at me veit at økonomien kan tola det løftet før me gjer det. Det har også konsekvensar på andre måtar. Me i MDG er tydelege på at me ikkje prioriterer kutt i eigedomsskatten, og særleg ikkje dersom slike kutt går utover tilboda til dei som av ulike årsaker treng det mest.

– Eg synest eigentleg statsministeren sa det bra, heilt nyleg: Det handlar om at spleiselaget skal gå opp. Det handlar om å betala for trygg oppvekst og alderdom. Det er det skatt er. Parti som lovar å styrka tenestetilbodet, samstundes som dei lover å redusera kommunen sine inntekter, får fort eit forklaringsproblem.

Ein god kommune å jobba i

Samnanger kommune er også arbeidsgjevar. MDG meiner at dei folkevalde i kommunen må prioritera planlegging og strategisk styring sterkare, og tydeleggjera den gjensidige avhengigheita mellom politikarar og administrasjon. Politikarane skal staka ut kursen og gje retning. Det er det som jobben vår som folkevalde, seier Strømmen. Då er det mellom anna viktig med godt kommunalt planverk. Men dei siste åra har kommunen sitt planarbeid hamna sterkt på etterskot, etter ei periode prega av både tunge saker og utskiftingar på leiarnivå. Samstundes har altfor mykje av politikk vorte ad hoc-politikk, i blant etter innfallsmetoden. Å styrka planarbeidet vert difor heilt vesentleg i åra som kjem.

– Og igjen: Då er det viktig å involvera flest mogleg, og å lytta.

Grøn omstilling

For Miljøpartiet Dei Grøne er den grøne omstillinga sjølvsagt også viktig. Strømmen utdjuper: – Som eg sa i eit nyleg intervju med Samningen, trur eg at også ein liten distriktskommune har stort potensial på området. Me kan vera med på å visa korleis gode, grøne liv er mogleg i ein distriktskommune. Men det føreset at me set oss gode, klåre og ambisiøse mål, og at me prioriterer tiltak som oppfyller dei. Difor har me gang på gang løfta energiøkonomisering i kommunestyret, og blant anna vore initiativtakarar til både ei kommunal ENØK-satsing og til ENØK-støtte til innbyggjarane. Difor har me etterlyst å få på plass felles lokale for heimekontor. Difor har me i ei årrekkje arbeidd for kommunal klimabudsjettering, noko som no endeleg er på gang.

Men grøn politikk handlar også om meir enn klimatiltak. Tap av naturmangfald er ei utfordring verda over. Det må ha konsekvensar også her i kommunen. Me vil difor motsetja oss inngrep i natur som idag er inngrepsfri, og hegna om friluftsområde og viktige leveområde for truga artar. Me vil og stø tiltak som er til fordel for det ville livet. For meg har mellom anna arbeid mot lysureining vore viktig her.

- – Eg vil faktisk seia det slik: Det å spela ball med frivilligheita er heilt sentralt for grøn politikk.