Program

Eit grønare Samnanger:
program for Miljøpartiet Dei Grøne i Samnanger

2. august 2019

Miljøpartiet Dei Grøne i Samnanger arbeider for at Samnanger skal vera ein god kommune for menneske og miljø, i notid og framtid. Vår visjon er ein kommune med høg livskvalitet og livsglede, tryggleik, gode møteplassar og fleire lokale arbeidsplassar, ein kommune med ansvarleg økonomi, gode tenester, og ein kommune som bidrar til å løysa klimakrisa.

Energi og klima

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • At Samnanger kommune skal vera klimanøytral i 2030
  • At kommunen skal spela ei tydeleg og sterk rolle i kampen mot plastforsøpling
  • Arbeida for miljøsertifisering og kjeldesortering i kommunale einingar
  • At kommunale nybygg skal vera klimasmarte
  • Arbeida for gode løysingar for matavfall og kjeldesortering, også for næringslivet
  • Gjera forsøk med fossilfrie byggjeplassar i kommunal regi

Kommunen skal nytta eigne innkjøp til å fremma det grøne skiftet i næringslivet.

Miljøpartiet Dei Grøne har allereie i fleire år arbeida for klimabudsjett i kommunen. Det vil me halda fram med. Dette betyr at kommunen må rapportera framdrift på tiltak innan miljø og klima, og at klimabudsjett som viser vegen fram til utsleppskutt skal peika fram mot måla for utsleppskutt.

Helse- og sosialpolitikk

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • Arbeida for å styrka det førebyggjande helsearbeidet
  • Sikra gode helse- og omsorgstenester til innbyggjarane i Samnanger
  • Arbeida for auka bruk av velferdsteknologi
  • Få på plass ein ny ruspolitisk handlingsplan for kommunen

Miljøpartiet Dei Grøne ser på førebygging som den beste helse- og sosialpolitikken. Barnehagar, skular og PPT må ha gode økonomiske rammer. Me har kjempa for utbygging av eit nytt senter for funksjonshemma i Samnanger, og er glade for at dette no vert bygd.

Sjå også: Kultur, idrett og friluftsliv

Næringsliv og arbeidsplassar

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • Sikra tilgang til moderne breiband i kommunen
  • Arbeida for likeløn, mangfald og auka tal på heiltidsstillingar i kommunal sektor
  • Arbeida for etablering av eit moderne kontorfellesskap som det er låg terskel for å dela, leiga og låna
  • Sjå på moglegheitene for å oppretta ein såkalla skaparverkstad/makerspace i kommunen
  • Leggja til rette for dei som satsar innan landbruk i Samnanger

Samnanger er ein pendlarkommune, noko som også fører til auka transportbehov. Me trur mange av dagens pendlarar ynskjer arbeid nærare heimen. Dei Grøne ynskjer difor å profilera Samnanger som ein god kommune for gründerar og sjølvstendig næringsdrivande, og ynskjer å arbeida for eit gründerfellesskap som også kan tilby «felles heimekontor» for folk som arbeider utanbygds.

Etablering av eit datasenter i Samnanger, som eit samla kommunestyre har vore positive til, vil kunna ha positive konsekvensar for sysselsetjing og busetjing i kommunen, og vil kunna leggja til rette for etablering av også annan moderne og nyskapande industri. Miljøpartiet Dei Grøne vil stø tiltak og ordningar som legg til rette for dette.

Samnanger er ein vakker kommune, og her ligg det god til rette for å satsa på berekraftig turisme med høg avkasting og liten miljøpåverknad. Me meiner kommunen skal leggja rammene, men overlata til lokale krefter å skapa eit levebrød av desse moglegheitene. Dersom me tek vare på det me har av jordbruksareal sikrar me nye og gamle arbeidsplassar i jordbruket. I tillegg opnar det for fleire arbeidsplassar innan foredling og vidaresal av lokalmat og innan økoturisme.

Samferdsle

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • Prioritera vegvedlikehaldet av dei kommunale vegane i Samnanger høgare
  • Byggja sykkelsti / sykkelveg frå Øvre Steinsland til Hagabotnane
  • Byggja ut sykkelvegnettet i kommunen
  • Arbeida for etablering av fleire ladepunkt for elbilar i kommunen
  • Arbeida for at fylkeskommunen heldt fram sitt arbeid for lågare busspris, og etterlysa betre korrespondanse og fleire avgangar, også på kveldstid
  • Søkja samarbeid med andre for å sikra betre tilgang til parkering ved jernbanestasjonen i Arna
  • Stø arbeid for ny jernbanestasjon også på Trengereid i samband med ny trasé for vossebana

I ein bygdekommune som Samnanger er mange avhengige av bilen i kvardagen. Miljøpartiet Dei Grøne i Samnanger vil, til liks med MDG i fylkespolitikken, prioritera vegbygging og vegprosjekt som gjev auka trafikktryggleik og som leier trafikk utanom sentrums- og bustadområde. I fylkespolitikken går MDG difor imot utbygging av det dyre bruprosjektet over Bjørnafjorden. I samband med opprusting av E16 til Voss vil mykje trafikk hamna på fylkesveg 7 gjennom Samnanger. Det er difor viktig at det vert teke grep som gjer denne vegen tryggare og betre. Fleire strekningar er i dag farlege. Det gjeld blant anna i Eikedalen. MDG Samnanger ynskjer seg difor ein lang tunell forbi Tokagjel, fortrinnsvis heilt frå Steinsdalen til Frøland.

For dei mange som pendlar frå Samnanger til Bergen er det viktig med gode kollektivløysingar og god tilgang på innfartsparkering. MDG vil arbeida for at kommunen tek ei aktiv rolle i arbeidet for dette, i samarbeid med andre av Bergen sine omlandskommunar.

Også i Samnanger kan ein med god planlegging leggja til rette for at mange vert mindre avhengige av bil i kvardagen. MDG Samnanger ynskjer å satsa vidare på Bjørkheim som sentrum, med nærliggjande bustadområde og eit godt tenestetilbod. På lengre sikt bør det vera aktuelt å etablera eit nytt rådhus på eller nær Bjørkheim. På kortare sikt ynskjer me å sjå på moglegheitene for eit kommunalt tenestetorg der.

Kultur, idrett og friluftsliv

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • Arbeida vidare for bygging av ein idretts- eller fleirbrukshall i Samnanger
  • Rullera kulturminneplanen i neste periode, og arbeida for å sikra gjenstandar og bygg med historisk verdi, samt vår immaterielle kulturarv (musikktradisjon, lokale segn, dialekta, osv).
  • Stø opp om det friviljuge kulturlivet
  • Leggja til rette for kunst- og kulturbasert næringsliv
  • Arbeida for gode parkeringsløysingar for bil og sykkel ved fleire turstier

Deltaking i idrett og friluftsliv speler ei viktig rolle, både sosialt og for folkehelsa. Miljøpartiet Dei Grøne meiner at alle born skal kunna delta i fritidsaktivitetar, og ynskjer å gjera det mogleg for friviljuge lag og organisasjonar å tilby ei større breidde og meir variasjon i tilbodet. Me meiner deltakinga vil auka med tilbod som er gratis eller har låg kostnad, og ynskjer difor å gje ekstra støtte til lag og organisasjonar som satsar målretta på lågterskelaktivitetar.

Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer seg ein idretts- eller fleirbrukshall i Samnanger. Denne bør liggja sentralt i kommunen, anten nær Bjørkheim eller i tilknyting til skulen. Dei Grøne ynskjer også styrka ordningar for utlån av idrettsutstyr.

I Samnanger nyttar mange seg av naturen til rekreasjon. Dei Grøne vil ha meir av dette, og vil leggja til rette for etablering av fleire turstiar. Me vil også verna om allemannsretten.

Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer seg eit aktivt og rikt kulturliv, og støtte til friviljuge lag og organisasjonar er her viktig. Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer også å sjå nærare på moglegheita for ei residensordning der kommunen kan husa gjestekunstnarar innan ulike sjangrar i kortare perioder. Slik kan me styrka det lokale kulturlivet, knytta nye band og synleggjera kommunen både nasjonalt og internasjonalt.

Miljøpartiet Dei Grøne spela ei sentral rolle i å sikra flyttinga av biblioteket til Bjørkheim. Det har vore ein stor suksess. Besøk og utlånstal har vore aukande, og Samnanger har fått ein ny samlingsstad, med spanande arrangement og gode moglegheiter for samlingar og samankomster. Me vil halda fram satsinga på biblioteket, og vil arbeida for å gjera biblioteket meir tilgjengeleg også utanom opningstidene.

Oppvekst

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • Arbeida for å samla barne- og ungdomsskulen ein stad
  • Sikra god kvalitet i barnehage og skule
  • Ha fokus på trygge skulevegar
  • Vera positive til etablering av skulehage
  • Setja i gang forsøksordningar for gratis skulemat

Samnanger har gode skular og barnehagar. For Miljøpartiet Dei Grøne er det viktig å sikra at strammare kommuneøkonomi ikkje går ut over kvaliteten på desse tilboda. På sikt meiner me det vil vera ei føremon å samla barne- og ungdomsskulen i Samnanger på ein stad, noko som vil gje eit større miljø for både borna og dei vaksne på skulen.

Me er positive til forsøksordningar med leksefri skule, og ynskjer å leggja til rette for endå meir bruk av naturen som klasserom, til dømes gjennom etablering av skulehage.

Gratis skulemat vil krevja betydeleg økonomisk innsats frå kommunen. Miljøpartiet Dei Grøne meiner likevel at ei slik ordning vil ha mange føremoner, inklusive betra læringsmiljiø, sosial utjamning og betra folkehelse. Me vil difor arbeida for å få på plass ei slik ordning i Samnanger, i fyrste omgang gjennom forsøksordningar.

Naturvern

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • Sikra kunnskapsbasert forvaltning av ville dyr, fuglar og insekt i Samnanger, og verna om viktige leveområde for truga artar
  • Unngå bruk av plantegifter i skjøtselen av offentleg eigedom og langs offentlege vegar
  • Leggja til rette for pollinerande insekt gjennom utplanting og gjennom å unngå unødig kantslått
  • Arbeida for tiltak som kan styrka villaksbestanden i Tysse-elva
  • Stø arbeid for opprydding av plast i naturen

Naturen er viktig for oss samningar. Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer å gjera det me kan for at samningar skal kunna ha stor glede av samnangernaturen både no og i framtida, både tur og gjennom å sanka av naturen sine goder gjennom bær- og soppturar, fiske og jakt. Dette må ein viktig del av planpolitikken og også for næringslivspolitikken.

Oppdrettsnæringa er ei viktig norsk eksportnæring, men medfører også store utfordringar, både i form av ureining og grunna spreiing av lakselus til villfisk. Miljøpartiet Dei Grøne i Samnanger vil ikkje stø eventuelle nye oppdrettskonsesjonar i Samnanger, med mindre desse er basert på moderne teknologi som sikrar lite ureining, god ressursbruk, redusert rømningsfare og mot spreiing av lakselus og sjukdomar.

Godt naturvern handlar ikkje berre om å ta vare på den naturen me har, men også om å bøta på tidlegare skader på naturen, og om å leggja til rette for naturen også der me bur. MDG i Samnanger vil difor stø tiltak som er til fordel for det ville livet, inklusive gjenopning av lukka bekkeløp, bruk av humlevenlege plantar på offentlege eigedomar og tiltak for å styrka villaksbestanden i Tysse-elva.

Demokrati og økonomi

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • Sikra menneske med nedsett funksjonsevne gode høve til å delta i samfunnslivet og demokratiet
  • Sikra openheit i kommunen, også gjennom å halda fram med streaming av politiske møte
  • Arbeida for å trygga kommuneøkonomien

Før førre kommuneval gjekk MDG i Samnanger inn for folkerøysting i spørsmålet om kommunesamanslåing. Me var med på å sikra at ei slik folkerøysting vart halde, og fulgte rådet folkefleirtalet i Samnanger gav oss. Slik Miljøpartiet Dei Grøne ser det er det ikkje aktuelt med ein ny debatt om dette i komande kommunestyreperiode.

Avgjersla har samstundes konsekvensar. Med den sitjande regjeringa er det grunn til å frykta reduserte overføringar til små kommunar som vår, og at kommuneøkonomien kan verta strammare. Miljøpartiet Dei Grøne har difor støtta arbeidet med å gjera kommunen meir effektiv, slik at me får meir igjen for kvar krone. Dette arbeidet vil måtta halda fram også i neste kommunestyreperiode. Då er det særleg viktig med gode, opne og gjennomsiktige prosessar, slik at både kommunen sine arbeidstakarar og kommunen sine innbyggjarar kan ta del i viktige avgjersler og oppleva at deira bekymringar vert teke på alvor.